Det varierar nok mykje frå skule til skule korleis ein driv vurderingspraksis.
Eg er lærar på to ulike barneskular og vurderingspraksisen på dei to skulane er svært ulik. På den eine skulen eg jobbar er det dei obligatoriske testane som i hovudsak blir brukt. Det er liten bruk av andre prøvar og vurderingar. På denne skulen er det nok rom for å betre vurderingspraksisen.
Begge skulane har god tilgang på datamaskinar til elevane så alt skulle ligge til rette for bruk av program som It’s learning. Eit program som elevane på begge skulane vil møte på ungdomsskulen.
Den andre skulen eg jobbar på har vurderingar i alle fag fleire gonger i kvart semester i tillegg til dei obligatoriske prøvene. Då gjennon skriftlege prøvar, foredrag, datamaskin osb. Elevane har også ein portefølje som ein lagrar det arbeidet elevane er sers nøgd med. Porteføljen skal ha minst tolv nye ”arbeid” kvart år. Nokon av desse skal handle om det same kvart år, dette for å kunne sjå utvikling. På denne skulen er det nok og rom for å betre vurderingspraksisen, særleg det å bruke datamaskinar og It’s learning i større grad.
mandag 16. november 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar