mandag 3. mai 2010

Medieproduksjon

I artikkelen ”Mot Mediedysleksiens tidsalder” stiller Vettenranta ei rekkje spørsmål som det nok ikkje finst den rette fasit på. Vettenranta spør lesaren om mediekompetanse gir moglegheiter for born, eller aukar risikoen. Det er meir og meir globalisering, og fofattaren er kritisk til om born og unge kan greie å ta inn over seg den informasjonen dei blir servert.
”Gjør globalisering oss mer like, eller blir vi gjennom mediene mer bevisste på vår annerledeshet?” (Vettenranta s. 14). Eg meiner born og unge må bli veileda gjennom det som blir framstilt i ulike medier. Når elevar i skulen søkjer på internett veit ikkje serveren at no er det born som les den og den nettsida, og får sjå ulike bilde. Gjennom globaliseringa er verda blitt mindre, og ein er vitne til noko ein gjerne ikkje har forutsetnadar for å forstå.
Vettenranta skriv vidare at ein bør fokusere på gode, gamle ideal. ”Vi bør trekke sterkere fram viktige elementer av det gamle danningsidealet, som moral, etikk og ansvar(…) (Ibid:20). Her er det viktig at skulen og heimen saman kan hjelpe born og unge til å kjenne at ein har eit ansvar for kva som skjer kring oss, og sjå det positive til at ”alt” er tilgjenge gjennom TV-skjermen og internett. Får vi opp augo til ungane våre om nestekjærleik og vise medkjensle i at andre har det vondt, er vi godt på veg til å ikkje være mediedyslektiske meiner eg. Skulen har her eit stort ansvar gjennom å auke kompetansen til elevane reint IKT teknisk, med korleis ein datamaskin fungerer og korleis finne fram på internett, men også greie å ta inn over seg all informasjon som ligg ute, og nytte informasjonen til noko positivt, og gjerne bidra til at verda blir betre å leve i, både for oss i Norge og i andre land.

Podcast

I forkant av Podcasten laga vi eit Skypestudio, eg redigerte opptaket og delte det med ei andre i gruppa gjennom dropbox slik som oppgåve teksten seier. Det er store forbetringspotensiale ved redigeringa ein kan bruke effektar og meir klipping. Men ettersom dette er ei ”treningsoppgåva” til Podcasten fekk vi eit godt inntrykk av kva som fungerte og ikkje med Skype og Pamela som t.d kvaliteten på opptaket. Dette var nyttig i høve til Podcasten vi skulle produsere. Tema var nettvett. Vi snakka om nettsamfunn, bevisstgjering, situasjonen i dag, kva ein kan gjer. Avgrensing av tema, eit klart produktmål saman med eit godt manus vil gjer arbeidet lettare og resultatet mykje betre. Tar alle eigne opptakk på sine maskinar og settar dei saman til slutt vil også lydkvaliteten bli betra. Her er link til produktet som har store forbetringspotensiale.


https://dl.dropbox.com/u/4409623/Carlos%20rad%20lyd.mp3

Virdering av nettstader

Eg funnet tre ulike nettstader som eg har vurdert. To av dei er stadar eg har funnet sjølve og ei er forslag frå oppgåveteksten.

www.kondis.no
Dette er ei side for den som er glad i uthaldsidrettar. Ulike variantar av sykkel, ski, orientering og løping er dei idrettane som blir mest fokusert på. Nettstaden er mest for mosjonistar då det er mykje fokus på bredde og ikkje så mykje på toppidrett. Det litt lita skrift på framsida, men bilete og som oftast portrettbilete på sida av alle nyhende er med og gjer at det går greitt med lita skrift på nyhende. Det er mykje reklame på sida, linkar og små faner til å trykke seg vidare på nettstaden kunne gjerne vore plassert litt meir ”ryddig”. Det er storsett mykje bruk av bilete på dei ulike sakene noko som er flott og det er ei godt oppdatert nettside. Totalt sett likar eg sida, men ser nok at ved første besøk verkar det litt rotet og vanskeleg å finne fram.


www.gjilaktivitetssenter.com
Her får vi innsikt i eit aktivitetssenter i Jøsenfjorden. Framsida skal selje, det er mange bilete som får ein til å bli meir interessert. Bruk av utropsteikn og ulike fargar på skrifta er med på å gi ein effekt. Det er grei storleik på skrifta, litt mykje tekst på framsida. Bakgrunnsfargen på framsida kunne gjerne vore lik. Sida er mest lagt opp til kundar som ønskjer seg ei helg med team building, paintball eller ein tur tilbake i tid. Men det er også mulig å finne informasjon om treningssenteret som ser ut til å være ein del av konseptet. Det ser ut til at sida skal treffe både fastbuande som vil bruke aktivitetssenteret og personar som ikkje kjenner til senteret, men vurderar å bruke det ved ein anledning. Totalt sett er det ei god side. Kanskje litt meir ”orden på framsida” og dele nettstaden i to separate nettstader, ei for trening og ei for aktivitetar kunne heva nettstaden.



www.cirka.biz/
Det er ei litt ”rotete” framside med mykje tekst i liten storleik. Noko av teksten rullar oppover på skjermen medan små faner med lita skrift gjer at det ikkje er lett å få oversikten. Sida fortel om kortfilm festivalen i Ålesund og skal være med på å fremje filmskaparar. Søkjer ein meir informasjon på sida er det prega av lita skrift og mykje tekst. Eg meinar det er store forbetringspotensiale ved denne nettstaden. Det skal leggjast til viss ein les godt på framsida står det at sida er midlertidig ute av drift.

Prosjekt og produkt

Vi har gjennon leksjonen Prosjekt og produkt fått innføring i korleis prosjektarbeid fungerar. I øvingsoppgåve 5 skal vi formulere ei avgrensa problemstilling og eit produktmål for eit fiktivt produkt.

Tema: Rusmiddel
Kompetansemål: Mål etter 7.årstrinn i samfunnsfag ”drøfte spørsmål omkring bruk og misbruk av tobakk og ulike rusmiddel”(udir.no)
Avgrensing av tema: Korleis auke medvite rundt bruk av rusmiddel.
Avgrensing av problemstilling: Korleis auke medvite rundt bruk av rusmiddel hjå ungdom.
Betre avgrensa problemstilling: Korleis kan ein ved bruk av ein nettstad auke medvite blant elevar på mellomtrinnet rundt rusmiddel.
Avgrensa problemstilling: Ved å publisere ein nettstad korleis kan ein auke medvite til elevar på mellomtrinnet når det gjeld bruk av rusmiddel blant ungdom?

Grunnide` til film



Sosiale media har dei siste åra blitt ein del av kvardagen til mange både unge og vaksne. Stader som Nettby, Twitter og Facebook er nokre av dei mest brukte sosiale media vi har i dag. Difor har eg valt å lage ein grunnide til ein kort dokumentarfilm som tar føre seg eit sosialt media. Etter ein kort idémyldring falt valet på Facebook. Ein dokumentarfilm er eit resultat av god planlegging og omfattande etterarbeid står det i leksjonsteksten til videoproduksjon 1. Difor er ide prosessen viktig med tanke på det vidare arbeidet med filmen.
Problemstillinga som filmen skal ta føre seg er kva er Facebook?
Dei fleste unge er i dag medlem av facebook, og fleire og fleire av den litt eldre generasjon meldar seg inn. Til tross for dette meinar eg det er mange som vil ha stor glede av å få ein kort introduksjon av facebook.
Tankekart:

Filmen skal forklare kva Facebook er på ein objektiv måte der både eventuelle positive og negative sider skal takast med. Det skal være i ein informativ stil.

søndag 25. april 2010

Google nettstad

Her har eg laga ein nettstad som eg saman med mi elevgruppe i norsk skal bruke ved sjangerlære. Eg har berre tre elevar i denne gruppa noko som gjer at alle tre skal jobbe saman med dei ulike sjangertekstar på nettet. Sjangerlæreundervisninga skal blir gjort i klasserommet, medan arbeidet med dei ulike tekstane skjer på google nettstad. Gjennom fire veker skal vi jobbe med noveller, dikt, referat og søknad. Kvar måndag og tysdag vil ein bruke skuletimar til arbeidet. Resten er basert på heimearbeid. Både på skulen og heime er målet at elevane skal sitte på kvar sine datamaskinar og saman produsere tekstar.

http://sites.google.com/site/sjangerlaere/

Verktøy for samansette tekstar




I oppgåve 9.0 om verktøy for arbeid med samansette tekstar skulle vi velje ut eit eller fleire verktøy til å lage samansette tekstar. Eg har prøvd Comic Life. Programmet finnes ikkje på norsk noko som kan gjer det litt vanskeleg i forhold til bruk i skulen. Likevel er programmet så enkelt i bruk at eg ikkje trur det vil bli eit stort problem med språket. Det er mange kjekke utgangspunkt å velje i, enten ei blank side der du sjølv lagar alle ruter og innhald. Eller ein kan bruke ein mal der ting er litt meir ”klart” noko som gjer arbeidet litt enklere.
Eit av kompetansemåla på grunnskulen norsk er ”å bruke digitale skriveverktøy i skriveprosessar og i produksjon av interaktive tekstar er eit av kompetansemåla i norskfaget.”(udir.no)

Når ein jobbar med dette målet kan ein gjerne bruke Comic Life. Etter mi erfaring med Comic life trur eg at elevane vil kose seg med arbeidet. Og sjølv om det gjerne kan verke som eit program som skal lage alt ”løye” er det ingen problem å lage tekstar som ikkje skal være løgne.

Eg tykkjar Comic Life er eit spanande program, det er lett og forstå og er brukande til både lått og løye samt meir faglege produseringa. Programmet er gratis berre dei første 30 dagane, noko som eg tykkjar er heilt greitt. Det er ikkje unormalt å måtte betale for programvare i dag. Eg ser også fleire bruksmogligheiter i skulesamanheng. Har planar om å prøve det ut i norskfaget før sommaren på det trinnet eg jobbar på.