mandag 3. mai 2010

Medieproduksjon

I artikkelen ”Mot Mediedysleksiens tidsalder” stiller Vettenranta ei rekkje spørsmål som det nok ikkje finst den rette fasit på. Vettenranta spør lesaren om mediekompetanse gir moglegheiter for born, eller aukar risikoen. Det er meir og meir globalisering, og fofattaren er kritisk til om born og unge kan greie å ta inn over seg den informasjonen dei blir servert.
”Gjør globalisering oss mer like, eller blir vi gjennom mediene mer bevisste på vår annerledeshet?” (Vettenranta s. 14). Eg meiner born og unge må bli veileda gjennom det som blir framstilt i ulike medier. Når elevar i skulen søkjer på internett veit ikkje serveren at no er det born som les den og den nettsida, og får sjå ulike bilde. Gjennom globaliseringa er verda blitt mindre, og ein er vitne til noko ein gjerne ikkje har forutsetnadar for å forstå.
Vettenranta skriv vidare at ein bør fokusere på gode, gamle ideal. ”Vi bør trekke sterkere fram viktige elementer av det gamle danningsidealet, som moral, etikk og ansvar(…) (Ibid:20). Her er det viktig at skulen og heimen saman kan hjelpe born og unge til å kjenne at ein har eit ansvar for kva som skjer kring oss, og sjå det positive til at ”alt” er tilgjenge gjennom TV-skjermen og internett. Får vi opp augo til ungane våre om nestekjærleik og vise medkjensle i at andre har det vondt, er vi godt på veg til å ikkje være mediedyslektiske meiner eg. Skulen har her eit stort ansvar gjennom å auke kompetansen til elevane reint IKT teknisk, med korleis ein datamaskin fungerer og korleis finne fram på internett, men også greie å ta inn over seg all informasjon som ligg ute, og nytte informasjonen til noko positivt, og gjerne bidra til at verda blir betre å leve i, både for oss i Norge og i andre land.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar