mandag 23. november 2009
Excel-oppgåve
I oppgåva der vi skulle lage ei oppgåve i excel har eg brukt programmetl til å drille elevane i engelske gloser. Eg har tatt utgongspunkt i elevar på 5. trinnet. Elevar i denne alderen har hatt fleire å med mykje fokus på det munnlege, men skal jobbe meir med det skriftlege framover. Difor har eg satt det opp slik at elevane kan lese glosene på norsk, gjerne litt kjente gloser, men gloser som ein ofte er usikker på korleis ein skal skrive. Elevane skriv det slik dei trur er rett. Viss det er feil kjem det feil opp på skjermen, er det rett skrivemåte kjem ordet rett opp på skjermen. Dette er ein enkel og effektiv måte å lære korleis ein skal skrive glosene på engelsk. Eg har den siste tida prøvd ut programmet i praksis og det fungerar godt på min skule.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar