Eg er lærar på ein fådelt skule og har difor mange ulike fag frå 1-7. årstrinn. Eg har plukka ut Samfunnsfag for å sjå kva syn faget har på digital kompetanse. Som grunnleggjande ferdigheit står det; ”Å kunne bruke digitale verktøy i samfunnsfag inneber å gjere berekningar, søkje etter informasjon, utforske nettstader, utøve kjeldekritikk og nettvett og velje ut relevant informasjon om faglege tema. (…) Å bruke digitale kommunikasjons- og samarbeidsreiskapar inneber å utarbeide, presentere og publisere eigne og felles multimediale produkt, kommunisere og samarbeide med elevar frå andre skular og land.” (UFD (2006) s. 120)
Med dette som utgongspunkt meiner eg at ein i dette faget møter eleven på ein måte som er nyttig. Ein tek opp t.d. nettvett, og når det gjeld digital kompetanse er gjerne dette det viktigaste å lære seg. Eg synest vinklinga på den digitale kompetansen i samfunnsfag er god med tanke på at ein kan søkje etter informasjon, være obs på dette med kilder osb. Likevel er gjere ikkje dette så kreativ bruk av digital kompetanse, noko som kjem meir til uttrykk gjennom å kunne bruke kommunikasjons- og samarbeidsreiskaper i undervisninga. Då kan elevane nytte t.d. MSN som dei gjerne er kjent med frå før også, til å samarbeide med andre elevar frå både nær og fjern. Det er også spanande og kreativt å skulle presentere og publisere eigne og felles multimediale produkt. Ein ide` då kan være å lage ei heimeside om eit tema elevane har hatt om i samfunnnsfag.
For å nemne andre kreative døme som går på digital kompetanse i samfunnsfag står det etter 7. årstrinn at elevane skal ”planleggje og presentere reiser til Europa og andre verdsdelar ved å bruke digitale verktøy” (Ibid:s.122)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar