mandag 30. november 2009

Digitalt læringsmiljø

Vi lever i eit moderne samfunn, mykje har skjedd dei siste 40 åra. Teknologien har skutt fart og ulike oppgåver blir løyst på ein moderne og gjerne meir effektiv måte i dag enn tidligare. Innan læring har metodar og hjelpemiddel også endra seg i takt med tida. I leksjon ”Læringsmijø 3” blir det sett lys på digitale læringstøttesystem og LMS. ”Lerarning Management System”, i leksjon ”Læringsmiljø 3” ligg det krav til dei ulike orda, kort fortalt er funksjonalitet eit ord som går igjen. Det er nok ulikt frå kommune til kommune i kva grad LMS blir brukt. I min kommune er det krav til bruk av LMS i den daglege arbeidssituasjonen. Mest mogleg skal gjerast digitalt. I forhold til elevane blir It’s Learning brukt. Det har lokalt i kommunen vore stor usamd om bruken av desse LMSa. Det har vore skuler som har nekta å ta det i bruk, men har vorte tvinga av skulesjefen. Mykje av problema har vore usikkerheit og at det er vanskeleg å lære. Særleg lærarar litt opp i åra har sett mørkt på systemet. Men etter mykje sjau har det no enda med at alle brukar dei ulike LMSa. Ut frå eigen erfaring kan eg slå fast at elevane likar godt det digitale klasserommet, som i dag er med og gir økt læring i min heimkommune.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar