Som vi ser ut frå definisjonane til Søby, Erstad, Krumsvik og Baltzersen er det nok vanskeleg å finne ein ”rett” definisjon av omgrepet digital kompetanse. Alle fire definerar digital kompetanse, men ingen heilt likt. Søby meiner at ”ferdigheter, kunnskap, kreativitet og holdninger” må vere til stede for å kunne bruke digitale media for læring og meistring. Erstad har mykje dei same kriteria som Søby, men han har ikkje med ordet ”kreativitet” Baltzersen brukar ein pyramide, der han delar omgrepa inn i seks komponentar. Medan Krumsvik meinar digital kompetanse har med læraren sin evne til å bruke ”IKT fagleg med pedagogisk-didaktisk IKT og vere bevisst kva dette har å seie for læringsstrategiane og danningsaspekta til elevane”(R.krumsvik, 2007) Det er ikkje lett å finne ein definisjon som dekkar omgrepet digital kompetanse, men ord som kunnskap og holdningar trur eg er med bestemmer den digitale kompetansen i dag. Men gjerne ikkje om nokre år. Fram i tid vil alle ha vakse opp i den digitale kvardagen og ein har meir kunnskap og gjerne meir positiv innstilling til IKT. Noko som gir ein økt digital kompetanse blant alle.
Men kunnskap og evner er nok dei to tinga eg trur både i dag og fram i tid vil vere med og styre den digitale kompetansen
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar