Det er fleire måtar å lære på, nokre elevar lærar best gjennom tavleundervisning medan andre lærar best ved å kunne bruke kroppen i læringa, gjerne i aktivitetar ute. Det å bruke data, internett i læringsprosessen meinar eg er nyttig. Det er fleire fordeler med data, den første er ofte at barn i dag har stort sett eit positivt forhold til data. Motivasjonen for å jobbe på data blir ofte større enn om arbeidet skal gjerast i skrive/leseboka. Eit anna argument er at vi er inne i ei tid der det meste er blitt digitalt og ofte styrt gjennom data. Difor er det viktig med grunnleggjande ferdigheiter på data, noko som ein får gjennom å bruke data som ein læringsressurs.
Sider som ”lokus123” er nyttige. Der får elevane trene seg i det pensumet ein har i bøkene. Døme: Jobbar ein med brøk på femtetrinnet i matematikk kan ein velje dette og få oppgåver som må løysast på skjermen. Jobbar ein med engelske frukter kan ein velje det, då kan datamaskinen lese opp ordet og eleven trykke på bilete eller det rette ordet. Det er mange slike variantar av oppgåver på sider som skulen har tilgang til. Men ein kan også bruke It’learning og lage oppgåver til elevane sjølv. Eit døme på det kan ver at ein har om eit emne i samfunnsfag og at ein kan få øvingsoppgåver osb inne på It’learning. Som elevane må svare på sjølv. Datamaskinen er ein kjempe ressurs i ein læringsprosess noko som eg meinar alle bør nytte seg av. Men det må sjølvsagt bli nytta på rett måte.
mandag 23. november 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar