mandag 23. november 2009

Biletbruk i skulen

Vi lever i ei tid der mykje er blitt digitalt. For ikkje mange år sidan måtte ein levere filmen ein hadde teke 24 eller 36 bilete inn til framkalling. Nokre dagar seinare kunne ein hente bilete eller få dei tilsendt i posten. I dag skjer nesten all fotografering digitalt, ein kan ta eit bilete og berre sekundar seinare kan ein ha prenta det ut på flott fotopair eller leggje det ut på facebook. Dette gjer at ein raskt sprer informasjon om seg sjølv, både gjennom bilete og tekst. Vaksne og eldre er nok i større grad flinke til å ikkje dele for mykje med resten av verden. Unge som veks opp i dag har alltid hatt internett og det digitale nettverket. Dei har ofte vanskelegare for å forstå at ein ikkje skal dele alt med alle, samstundes som dei ofte har opparbeida seg betre kompetanse på data enn sine foreldre. Difor er det viktig med bevisstgjering i forhold til kva ein legg ut på internett.

På dei ulike skulane er det forskjellige praksisar på korleis ein løyser det med bilete på internett. Det er mange omsyn ein må ta før ein med sikkerheit kan leggje ut eit bilete av ein elev. Kvar enkelt elev kan ha grunnar som gjer at publisering av seg gjennom bilete på internett ikkje er greitt. På den skulen eg jobbar har vi innhenta underskrift av alle foreldre, der dei skriv under på at skulen kan bruke bilete av sitt barn på internett. Skulen har ei aktiv heimeside som både forelder, slekt og elevane sjølv likar å følgjer med på. Der står det litt om kva som skjer på skulen, det er også bilete frå ulike hendingar. Dette fungerar godt, og så lenge ein er bevisst på kva som blir lagt ut på nette meinar eg det er ein god ordning.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar