onsdag 21. april 2010

Sosial Web

Facebook, Twitter og Nettby er kanskje dei mest kjente nettsamfunna vi har i dag. Her kan ein dele informasjon med andre, sjå kvar vener er, og kva gamle vener driv med i livet, finne nye vener og kanskje eit nytt følgje. Til tross for at mange ofte gir uttrykk om at nettsamfunn ”nei det er ikkje noko for meg” blir stadig fleire og fleire medlem. Mange i min venekrets har lenge gitt uttrykk for stor skepsis til til dømes Facebook, men er i dag blitt medlem. Kanskje er det forvitenskap som gjer at så mange tilslutt blir medlem.

I øvingsoppgåve Sosial Web 1 måtte vi melde oss inn i tre ulike nettsamfunn, der ”Del og bruk” var ei obligatorisk nettsamfunn som vi måtte melde oss inn i. På denne nettstaden kan ein dele kunnskap kring digital kompetanse med andre. Noko som igjen er med og aukar kompetansen. Samanliknar ein med til dømes Nettby er skilnadane store. I Nettby er målet til dei fleste å legge ut freistande informasjon om seg sjølve og dermed få nye vener. Facebook er meir lik Nettby enn Del og bruk. På Facebook finn ein ofte gamle vener som ein ikkje har hatt kontakt med på femten år. Ser kva dei driv med og tek opp att kontakten. Ein skrive gjerne kva ein driv med her og nå, og skriv gjerne ein kommentar til ein ven som skriv at han skal ut på byen i kveld.
Eg har altså meldt meg inn i Del og bruk, Facebook og Nettby. Det er vanskeleg å seie at eit nettsamfunn er bra og eit anna ikkje. Men ein må sjå på kva føremål ein har med sin bruk av internett. Og deretter styre sin bruk av nettsamfunn. Det er mange positive sider ved nettsamfunn, at ein kan lett dele relevant informasjon. Men det kan også føre til misbruk, til dømes med bruk av biletbruk. Det som slår meg mest er den store skilnaden på dei ulike nettsamfunna. Frå Del og bruk som er eit fagleg ”seriøst” samfunn, til Facebook som er eit sosialt nettverk. Der ein matar fiskane sine før ein sender ei øl til ein gamal kjenning. Eg ser det som vanskeleg å kunne bruke Facebook eller Nettby i undervisningsamanheng i skulen. Sjølv om ein kan skrive med kvarandre og dele informasjon blir det for lite konkrete kanalar til dette på Facebook og Nettby. Men det kan være ein kjekk plass for å finne ut kva bil naboen har kjøpt eller kva den nye dama til søskenbarnet mitt heiter, kjem frå og likar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar