søndag 25. april 2010

Google nettstad

Her har eg laga ein nettstad som eg saman med mi elevgruppe i norsk skal bruke ved sjangerlære. Eg har berre tre elevar i denne gruppa noko som gjer at alle tre skal jobbe saman med dei ulike sjangertekstar på nettet. Sjangerlæreundervisninga skal blir gjort i klasserommet, medan arbeidet med dei ulike tekstane skjer på google nettstad. Gjennom fire veker skal vi jobbe med noveller, dikt, referat og søknad. Kvar måndag og tysdag vil ein bruke skuletimar til arbeidet. Resten er basert på heimearbeid. Både på skulen og heime er målet at elevane skal sitte på kvar sine datamaskinar og saman produsere tekstar.

http://sites.google.com/site/sjangerlaere/

Verktøy for samansette tekstar




I oppgåve 9.0 om verktøy for arbeid med samansette tekstar skulle vi velje ut eit eller fleire verktøy til å lage samansette tekstar. Eg har prøvd Comic Life. Programmet finnes ikkje på norsk noko som kan gjer det litt vanskeleg i forhold til bruk i skulen. Likevel er programmet så enkelt i bruk at eg ikkje trur det vil bli eit stort problem med språket. Det er mange kjekke utgangspunkt å velje i, enten ei blank side der du sjølv lagar alle ruter og innhald. Eller ein kan bruke ein mal der ting er litt meir ”klart” noko som gjer arbeidet litt enklere.
Eit av kompetansemåla på grunnskulen norsk er ”å bruke digitale skriveverktøy i skriveprosessar og i produksjon av interaktive tekstar er eit av kompetansemåla i norskfaget.”(udir.no)

Når ein jobbar med dette målet kan ein gjerne bruke Comic Life. Etter mi erfaring med Comic life trur eg at elevane vil kose seg med arbeidet. Og sjølv om det gjerne kan verke som eit program som skal lage alt ”løye” er det ingen problem å lage tekstar som ikkje skal være løgne.

Eg tykkjar Comic Life er eit spanande program, det er lett og forstå og er brukande til både lått og løye samt meir faglege produseringa. Programmet er gratis berre dei første 30 dagane, noko som eg tykkjar er heilt greitt. Det er ikkje unormalt å måtte betale for programvare i dag. Eg ser også fleire bruksmogligheiter i skulesamanheng. Har planar om å prøve det ut i norskfaget før sommaren på det trinnet eg jobbar på.

Tilpassa opplæring

Dagens skule skal ha fokus på tilpassa opplæring. I øvingsoppgåve 9.3 står det at vi skal skrive eit innlegg i bloggen som tar føre seg ” gjennom eigen erfaring frå skulen, i jobb eller praksis korleis veit du/tenkjer du at IKT kan vere ein ressurs i tilpassa opplæring? Gir IKT meirverdi i høve til andre arbeidsmåtar?”
Alle som går på grunnskulen i dag har vokse opp med datamaskin som ein del av livet, anten heime eller på skulen. Mange bruker fleire timar framføre skjermen kvar dag. Noko av tida brukar dei til internett og noko til spel. Det er lystbetont og kjekt. I skulen bli det i større grad brukt datamaskin enn tidlegare, både til skriving, rekning osb. Men korleis er det med tilpassa opplæring? Ut frå eigen erfaring kan datamaskinen være til stor hjelp då ein elev med skrivevanskar skal skrive ei forteljing. Her får han hjelp til å betre teksten sin. Også innlæring av tuch ser eg på som positivt, eleven får orda inn i fingrane og det går ofte lettare, og det blir meir rett enn når ein må skrive på ”gamle måten”. Her snakkar eg om datamaskinen som hjelpemiddel.
Når det gjeld læring og dataspel er forskarane ikkje heilt samde. I leksjonstekst ”tenkeverktøy 2” står om speleforskar og professor James Paul Gee som jobbar ved Universitetet Wisconsin i Madison. Han utaler seg slik som skule og dataspel ”dataspel er leik ,ikkje skule.” Medan speleforskar Jørgen Kirksæther stiller seg positive til å bruke dataspil i undervisninga, men han meinar det må i hovudsak brukast som supplement. Tidligare kunnskapsministar Øystein Djupedal utalte seg for nokre år sidan slik ”jeg håper og oppfordrer sterkt skolene til å satse på spill som læringsmiddel".

Det er altså store skilnadar i kva fagfolk meinar om dataspel i skulen. Eiga erfaring viser at det er store skilnadar i kva ein kan få ut av dataspel som læringsmetode. Alder og kjønn spelar litt inn, men mest av alt meinar eg det individuelle skilnadar. Nokre elevar har stor glede av dataspel som hjelp i opplæringa. Det er sjølvsagt dataspel som er tilrettelagt for læring. Medan eg følar ein større del av mine elevar ikkje har noko stort læringsutbytte av dataspel. Ofte ikkje noko utbytte i det heile. Dette meinar eg at viser at i tilpassa opplæring kan dataspel brukast til dei ”rette” elevane. Det betyr ikkje at alle elevane treng eller bør bruke dataspel i læringa på skulen.

onsdag 21. april 2010

Sosial Web

Facebook, Twitter og Nettby er kanskje dei mest kjente nettsamfunna vi har i dag. Her kan ein dele informasjon med andre, sjå kvar vener er, og kva gamle vener driv med i livet, finne nye vener og kanskje eit nytt følgje. Til tross for at mange ofte gir uttrykk om at nettsamfunn ”nei det er ikkje noko for meg” blir stadig fleire og fleire medlem. Mange i min venekrets har lenge gitt uttrykk for stor skepsis til til dømes Facebook, men er i dag blitt medlem. Kanskje er det forvitenskap som gjer at så mange tilslutt blir medlem.

I øvingsoppgåve Sosial Web 1 måtte vi melde oss inn i tre ulike nettsamfunn, der ”Del og bruk” var ei obligatorisk nettsamfunn som vi måtte melde oss inn i. På denne nettstaden kan ein dele kunnskap kring digital kompetanse med andre. Noko som igjen er med og aukar kompetansen. Samanliknar ein med til dømes Nettby er skilnadane store. I Nettby er målet til dei fleste å legge ut freistande informasjon om seg sjølve og dermed få nye vener. Facebook er meir lik Nettby enn Del og bruk. På Facebook finn ein ofte gamle vener som ein ikkje har hatt kontakt med på femten år. Ser kva dei driv med og tek opp att kontakten. Ein skrive gjerne kva ein driv med her og nå, og skriv gjerne ein kommentar til ein ven som skriv at han skal ut på byen i kveld.
Eg har altså meldt meg inn i Del og bruk, Facebook og Nettby. Det er vanskeleg å seie at eit nettsamfunn er bra og eit anna ikkje. Men ein må sjå på kva føremål ein har med sin bruk av internett. Og deretter styre sin bruk av nettsamfunn. Det er mange positive sider ved nettsamfunn, at ein kan lett dele relevant informasjon. Men det kan også føre til misbruk, til dømes med bruk av biletbruk. Det som slår meg mest er den store skilnaden på dei ulike nettsamfunna. Frå Del og bruk som er eit fagleg ”seriøst” samfunn, til Facebook som er eit sosialt nettverk. Der ein matar fiskane sine før ein sender ei øl til ein gamal kjenning. Eg ser det som vanskeleg å kunne bruke Facebook eller Nettby i undervisningsamanheng i skulen. Sjølv om ein kan skrive med kvarandre og dele informasjon blir det for lite konkrete kanalar til dette på Facebook og Nettby. Men det kan være ein kjekk plass for å finne ut kva bil naboen har kjøpt eller kva den nye dama til søskenbarnet mitt heiter, kjem frå og likar.

Informasjonskompetanse

Ei av øvingsoppgåvene under informasjonskompetanse skal vi skrive om eiga erfaring som lærar med informasjonskompetanse og i kva grad ein er samd i forskinga når det gjeld informasjonskompetanse. I dag kan alle legge ut kva dei vil på internett. Noko som er med og gjer at det er ingen kvalitetssikring av det som er lagt ut på internett. Tord Høvik skriv ”kvalitetssikring av nettbaserte ressurser er en oppgåve for vaksne fagfolk, ikkje for skole-elevar og ferske studentar”. Kvasir, Google og Wikipedia er søkjemotorar mine elevar ofte brukar når dei skal finne fagstoff om eit emne. Her er det ingen garantiar om det ein finn er skrivi av fagfolk som t.d. ein professor eller ein ung elev på barnetrinnet. Uavhengig av dette verkar det som elevane mine tar alt som god fisk. Står det på ei nettside at Riga er hovudstaden i Italia så er det fakta. Elevar verkar svært lite kjeldekritiske i sine søk og arbeidet på internett. Dette er skremmande og her har vi lærarar ei stor utfordring.

Leksjon om informasjonskompetanse 1 står det at dagens unge har vokse opp med internett, dei er dyktige på datamaskin og internett, men til tross for dette kan forskarar i følgje ein britisk rapport frå januar 2009 ikkje sjå at dei unge har betre informasjonskompetansen enn eldre. Det kjem også fram at dei unge har store problem med å vurdere kjelder og trekke ut riktig konklusjon av det. Som leksjonsteksten viser er ikkje denne rapporten aleine om å meine dette. Dette er mykje likt med kva eg erfarar av dagens elevar. Difor må eg sei meg samd med mykje av det dagens forsking seier om informasjonskompetanse. Eg ser at alle lærarar har ein jobb og gjer for å få elevane meir bevisst på dei feila raske søk på internett kan gi. Og prøve å lære bort små men ekle grep som kan være med på gi eit nettsøk meir ”rette” svar.

Kommentar blogging med klassa

Eg har kommentert blogginnlegget til Anna vold.
Følg linken:
http://anna-sin-studieblogg.blogspot.com/2010/04/blogging-med-klassa.html#comment-form