mandag 5. oktober 2009

Kva er ein datamaskin?

For ikkje så mange år sidan var ordet datamaskin ukjent blant folk. Ein klarte seg med blekk og papir, ein kan spørje seg om ein hadde betre tid før? I dag blir datamaskin brukt til å utføre arbeidsoppgåver på ein meir effektiv måte.

Frå starten av blei datamaskinen i hovudsak brukt som eit hjelpemiddel til å utføre aritmetiske og matematiske berekningar(wikipedia) I dag er datamaskinen blitt ein del av vår livsstil, den er i bruk både i det private og offentlege. Nesten all heimar og arbeidsplassar har i dag ein datamaskin, den finst og i ulike variantar i alt frå mobilar, bilar til minibankar. Den hentar fram informasjon frå eit lager, utfører instuksjonen og lagrar resultatet(wikipedia)

Ein datamaskin er ein samling av mekaniske og elektroniske komponentar som ved hjelp av dataprogrammer kan utføre arbeidsoppgåver på ein effektiv måte(wikipedia)

Det engelske ordet for datamaskin, computer, blei fram til oppfinninga av datamaskin brukt om personar, vanlegvis kvinner, som foretok matematiske utrekningar, enten med kalkulator eller penn og papir, og som blei erstatta av datamaskinen då den gjorde sitt inntog(wikipedia)


Kjelder: http://nowikipedia.org/wiki/Datamaskin lest 04.10.09

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar